24. juni
Moster Amfi kl 11.00
Talar: Ragnar Ringvoll
Song: Nye Røster og ungdomskoret Respons
Dette er gøy, håpar du vil komma.
24. juni
Moster Amfi kl 11.00
Talar: Ragnar Ringvoll
Song: Nye Røster og ungdomskoret Respons
Dette er gøy, håpar du vil komma.
Hjartleg velkommen til

17 mai fest kl 1900
Det vert tale av Leif Steinar Alvsvåg
God 17. mai.
Endeleg kan ”draumen” gå i oppfylling!
Tenk å få reisa på familieleir med bibelsamlingar, møte, mat, leikar, humor, alvor, musikk, song og masse aktivitetar tilrettelagt for heile familien. Me har eit strålande tilbod på Brandøy og Helgatun 6.-10.juli.
Påmeldingane er alt komen igong og me gler oss. Spreke og oppfinnsame leiarar står klare til å leggja alt til rette på beste måte for alle som kjem.
Borna og ungdommane vert delt inn i ulike klassar slik at samlingane og aktivitetane skal passa for den enkelte.
Dei vaksne skal også få dekkja sitt behov med tanke på undervisning og opplegg. Og sjølvsagt vil me ha fellessamlingar for alle. For mange betyr det mykje at me har ”barnevakter” i gongane på kveldane slik at dei vaksne kan vera på si samling og veta at borna har det tryggt der dei er.
Leiarar på Brandøy vert:
Olaug og Jan Ove Fagerheim, Ingebjørg og John Morten Espevik, Rakel og Bjørn Saghaug, Kristin og Tor Espen Kristiansen, Kåre Johan Hamre.
I tilegg vert også ein ungdomsgjeng med.
Leiarar på Helgatun vert:
Linda og Bjarte Nordtun, Torill og Alf Jarle Langeland, Åstrid og Svein Bjarne Aase, Gunhild og John Inge Rolfsnes.
I tilegg vert ein ungdomsgjeng med.
Me gler oss til å møta dykk.
Påmelding kan gjerast til Indremisjonskontoret tlf.53410704, post@indremisjonen.no eller www.indremisjonen.no

I anledning 90-årsfesten til Gilje Bedehus 02.11.2008 hadde Lars Gunnar Mæland eit foredrag om historien til bedehuset og arbeidet her. Han la ned ein stor mengd arbeid i dette, og me ønskjer å presentere dette her for dei som ikkje har høyrt dette før / ønskjer å få det med seg på nytt. Tusen takk for jobben du gjorde!
Presiserar at dette må lesast som eit foredrag på 90-årsfesten 02.11.08. Det er ikkje berre historie, men og mange vurderingar frå forfattaren undervegs.
Huset var gjennom ein større oppgradering sommar/haust 2009. Plasseringar av bla talerstol og anna som vert vist til i foredraget er endra etter dette.
Vil med dette vise noko som IMF-Ung tilbyr via internett.
Relevante og treffande forkynnelsar som kan være til inspirasjon
og kanskje til nytte i arbeidet dykkar.
Ta deg ein tur innom og høyr ei lita andakt. (sjå ellers kolonne til høgre på denne sida)
Mange talarar er kjente frå før for dykk.